Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Beitebruksplan ute på høyring

Endeleg har vi klart å få på plass beitebruksplan for kommunen. Den vert no lagt ut på høyring, og vi ynskjer innspel frå dykk!

 

Vi ynskjer spesielt innspel med oppdatering av opplysningar i beiteområda og tiltaksdelen.

Frist for innspel til kommunen er 1. februar 2018.

Etter høyringsperioda vert innspel vurdert innarbeida i planen, og planen vert på ny behandla av hovudutval for plan- og ressurs før den vert endeleg vedteken i Hemsedal kommunestyre.

Beitebruksplanen er utarbeida som ein temaplan. Dette tyder at den ikkje er juridisk bindande, men skal vera eit underlag for kommunal saksbehandling og utarbeiding av kommuneplan og reguleringsplanar.

 Beitebruksplanen si målsetjing er:

  • Dokumentere verdien av utmarksbeite i landbruksnæringa.
  • Synleggjere beitebruken og beiteinteressene i utmarka på kart.
  • Setja fokus på tiltak som styrkar  beitenæringa, og førebygger og reduserer konfliktar
  • Sikre at beitenæringa har tilgang på areal og ressursar også i framtida

Planen som er lagt på høyring består av ein tekstdel og to kart, det eine er eit oversiktskart med innteikna beiteområder og fysiske innstallasjonar (sperregjerde m.m.), det andre er eit kart med beiteområda og beitekvalitet basert på vegetasjonskart som er utarbeida for kommunen.

Tekstdelen er omfattande. Den startar med ein del interessant landbruksstatistikk. Etter dette, under organisert beitebruk, er det ei beskriving av alle beiteområda i kommunen og dyretalet i desse i dag. Beiteområda er noko endra i forhold til slik dei tidlegare var organisert. I høyringa ynskjer me spesielt supplerande opplysningar til beiteområda.

Er det sperregjerder, sankekve, bufarsvegar eller liknande som ikkje er registrert på kartet? Plassering av salteplassar har vi i samråd med næringa ikkje med på kartet då dette er i stadig endring.

Vidare omhandlar plana verdiskaping  relatert til utmarksbeite og litt om lovverk og aktuelle planar med relevans for temaet. Sist i tekstdelen er det forkusert på problemstillingar og utfordringar kring beitebruken, og dette munnar ut i ein tiltaksdel.

I høyringsperioden er det bestemt at vi skal utarbeide to tilleggskart. Det eine skal vera beitekartet med kommuneplanen oppå, og det andre skal vera eit kart som syner beitetrykket (tettheten av dyr i forhold til beiteareala sin kvalitet) i dei ulike beiteområda.

Karta i beitebruksplana er det tenkt at skal reviderast kvart 4. år, tiltaksdelen kvart 2. år.

 Nyeste Beitebruksplan Hemsedal - høyringsdokument.pdf

Beitekvalitet med beiteområder.pdf

Oversikskart med beiteområder m.m..pdf