Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Spelemidler - tilskot til anlegg

Spelemidlar - Søk om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Staten har som mål å bidra til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg slik at flest mogeleg kan drive idrett og fysisk aktivitet. Spelemidlane vert brukt til tiltak som gjev innbyggjarane høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den medlemsbaserte frivillige idretten.

Anlegg i lokalmiljøet som særleg stimulerer og tilfredstiller born sitt behov for fysisk aktivitet vert prioriterte. Når det gjeld ungdom, er det eit mål å utvikle anlegg som tilfredstiller dei behov ungdom har for utfordring og variasjon.

Krav for å kunne søke om spelemidlar er at tiltaket er med på det prioriterte handlingsprogrammet i ”Handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet.”

Innkomne søknader må opp til politisk godkjenning før dei vert sendt til Buskerud fylkeskommune for handsaming.

Frist for innleving av komplett søknad er 1.oktober. Alle søknader må leverast elektronisk. Søknadsskjema finn du på www.idrettsanlegg.no   For meir informasjon ta kontakt med kulturkonsulent Marit Huso tlf: 31 40 88 20 eller e-post marit.huso@hemsedal.kommune.no