Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot av kulturmidlar

Tilskot av kulturmidlar, frist 1. mars.

Hemsedal kommune ynskjer å støtte felleskulturen slik at den kjem flest mogeleg til gode. Viktige verkemiddel er gode tilskotsordningar som sikrar breidda og mangfaldet vi ynskjer i kulturlivet.

Alle lag og organisasjonar i Hemsedal kommune kan søkje om tilskot til drift.( ein gong i året).

Det vert også gjeve støtte til arrangement og prosjekt. Dei som arbeider med målgruppa born og unge vil bli prioritert ved tildelinga. Ein føresetnad for at laget vert vurdert, er at det har medlemskontigent og fører medlemslister.

Komplett søknad må vere kommunen i hende innan 1.mars

Søknadene vert handsama i Hovudutval for Livsløp. Søknaden må fyllast ut på gjeldande skjema. Søknadsskjema og retningsliner.