Brøyting langs kommunale vegar

Parkering av bilar langs kommunale vegar og fortau er eit stort problem når brøyting og anna vintervedlikehald skal utførast. I tillegg er slik parkering til hinder for utrykkingskjøretøy og skapar trafikkfarlege situasjonar både for gåande og kjørande.

  • Hemsedal kommune oppmodar difor alle om å unngå parkering av bilar langs kommunale vegar. Parkering på fortau er forbode. 
  • Feilparkerte bilar kan medføre at vegar og fortau ikkje vert brøyta eller strødd.
  • Problemet med feilparkerte bilar er særleg stort på Skogajordet.
  • Hemsedal kommune vil difor vurdere å innføre soner på Skogajordet der parkering vert forbode
Publisert
02.12.2008
Sist endra
22.09.2011
Publisert av
Bjørn Olav Viken