Snøbrøyting. Foto: Per Øyvind Mythe
Snøbrøyting. Foto: Per Øyvind Mythe

Brøyting av kommunale vegar

 

Reglar for brøyting av kommunale vegar og plassar

  • Dei viktigaste vegar og plassar skal være brøyta/rydda innan kl.07.00 etter snøfall om natta.
  • På sundagar og heilagdagar skal alle vegar og plassar være brøyta innan kl.09.00 etter snøfall om natta.
  • Elles skal alt vere brøyta/rydda så tidleg som mogeleg etter kvart snøfall.
  • Generelt gjeld at det skal brøytast etter snøfall over 5 cm. For øvrig må vegnettet til ein kvar tid være framkommeleg med bil.
  • Høvling av vegar og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift uteavdeling
  • Bortkøyring av snø frå vegkryss og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift.
  • Vegane skal brøytast i full breidd. Det same gjeld for plassar.
  • Rydding av private avkøyringar ved offentleg veg er kommunen uvedkommande. Dette gjeld også parti mellom riksveg og gang/sykkelveg.
  • Kommunen er ansvarleg for å fjerne høvlingskant mot private avkøyringar etter høvling på kommunale vegar og plassar.

Det er høve til å brøyte snø frå kommunale vegar inn på privat eigedom. Ein gjer for øvrig merksam på at det ikkje er tillate å føre snø frå private eigedommar ut i offentleg vegbane. jfr. premissane til høgsterettsdom i rettstidene 1957, side 1078 og veglova sin § 57.

Publisert
28.11.2007
Sist endra
22.09.2011
Publisert av
Bjørn Olav Viken