Skulestart

Omtale

Utgangspunktet er at borna startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette som har barn som er opplæringspliktige. I brevet blir det opplyst om kvar ein skal møte, og tidspunktet for oppmøtet, og informert om kva slags rettar opplæringslova gir i samband med dette. Foreldra kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart for eleven.

Målgruppe

  • Born som fyller seks år i kalenderåret
  • Born som har fått utsett skulestart frå året før
  • Foreldre som vil søkje om å få utsett skulestarten for barnet
  • Foreldre som vil søkje om tidlegare skulestart for barnet

Vilkår

Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har kome langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. Utsett skulestart inneber skulestart det kalenderåret barnet fyller sju år.

Tidlegare skulestart inneber at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre sakkunnig vurdering frå PPT.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Rettleiing

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om tidlegare eller utsett skulestart.

Du skal leggje ved sakkunnig fråsegn.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
  • Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.
  • I klaga skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
  • Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
  • Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga, enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

skulestart, grunnskule
Døgnopen kommune

Tenestebeskrivingane er
tilgjengelege heile døgnet.

Har du spørsmål, send ein
e-post til tenestetorget

Kontaktinformasjon

Tuv oppvekstsenter
Rektor
Gunn Berit Mythe Nergård
Tlf: 3140 8960

Ulsåk oppvekstsenter
Konst. rektor
Gunn Berit Mythe Nergård
tlf: 3140 8970

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo