Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege

Omtale

Kommunen skal gi utlendingar opplæring i norsk (250 timar) og samfunnskunnskap (50 timar), til saman 300 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal givast på eit språk som deltakaren forstår. Norskundervisninga skal givast på norsk. Ordninga skal gi utlendingar høve til å delta i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få rett til å busetje seg (varig opphald) og statsborgarskap.

Det skal utarbeidast ein individuell plan for den som skal delta. Planen skal ta utgangspunkt i  opplæringsbehovet til den einskilde. Deltakarar som har rett til gratis opplæring, skal få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 700 timar) dersom det er behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført testar for å fastslå om det er behov for opplæring ut over 300 timar.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphalds- eller arbeidsløyve som gir grunnlag for retten til å busetje seg. (Dette omfattar: asylantar, overføringsflyktningar, arbeidsinnvandrarar og  familiemedlemane deira, personar med opphald på humanitært grunnlag, personar som er familiegjenforeina med desse, og personar som er familiegjenforeina med norsk eller nordisk borgar busett i Norge.)

Vilkår

Opphalds- eller arbeidsløyve etter utlendingslova som dannar grunnlag for retten til å busetje seg.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon.

Søknadsskjema

Henvendelser behandles fortløpende.

Kommunen har plikt til å sørge for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mulig og innen tre måneder etter at krav om slik opplæring settes fram.

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Det kan klagast på vedtak om:

  • tildeling av opplæring
  • vesentlege endringar i den individuelle planen
  • at opplæringa er stansa
  • permisjon

Dette må skje innan ein frist på tre veker etter at du tok imot vedtaket.

Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphalds- eller arbeidsløyve som dannar grunnlag for retten til å busetje seg, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemer. Dei må betale for opplæringa.

Søkeord

norskopplæring, asylsøjkar
Døgnopen kommune

Tenestebeskrivingane er
tilgjengelege heile døgnet.

Har du spørsmål, send ein
e-post til tenestetorget

Kontaktinformasjon

Hemsedal kommune
Oppvekstssjef
Harald Sundsøy
Tlf: 3140 8802

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo