Omsorgsbolig
Omtale
Ein omsorgsbustad med husbankfinansiering er tilpassa rørslehemma og tilrettelagd for at den som bur der skal kunne motta heildøgnsomsorg. Bustaden er ibuaren sin eigen heim, og heimetenester blir tatt imot på same vilkår som for andre heimebuande.
Målgruppe
Pleietrengjande eldre og funksjonshemma.
.png)
Vilkår
- Søkjaren må bu eller opphalde seg i kommunen.
- Søkjaren må oppfylle vilkåra i kommunehelsetenestelova § 2-1. Sjå paragrafen nedenfor.
- Søkjaren må ha behov for heimesjukepleie/heimehjelp.
- Søkjaren må ha eit særleg stort hjelpebehov og/eller ha særleg nytte av nærleiken til institusjonen, nå eller i nær framtid.
- Søkjaren bør kunne bruke tryggleiksalarm.
- Søkjaren må sjølv ønskje omsorgsbustad.
- Det må vere ledig omsorgsbustad i kommunen.
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til søknaden.
Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart mottatt.
- Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.
- I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
- Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det blir send tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
Annen informasjon
- Dei som bur der, betaler husleige til kommunen
- Det blir gitt bustønad etter gjeldande reglar. Bustønaden er regulert etter inntekt.
Søkeord
omsorg, bustad, tilrettelagd, rørslehemma, ibuar, døgn, heim, hus, husvære, heimeteneste, heimehjelp, pleie, eldre, funksjonshemma, gamal, hjelp, psykiatri, psykisk, fysisk, sosialteneste, husleige