Etablererprøven
Omtale
Etablerarprøva skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta. Kommunen er ansvarleg for å gjennomføre og rette etablerarprøva.
Målgruppe
Dagleg leiar i verksemder som har eller søkjer om serveringsløyve.

Vilkår
For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha greidd etablerarprøva (dette er ikkje det same som kunnskapsprøva etter alkohollova) og ha god vandel. Etablerarprøva er ein fleirvalsprøve. Prøvetakar får 90 minutt til å svare på prøva. For å greie prøva må 40 av 50 svar vere rette.
Rettleiing
Etablerarprøva blir halden i kommunen. Opplysningar om kunnskapskrav får ein i kommunen. Det krevst gyldig legitimasjon ved oppmøte for å ta prøva.
Kr. 300,- per prøve.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist.
Ta kontakt med Tenestetorget for å gjere avtale om tid.
Klage
Det er ikkje høve til å klage på utfallet av prøva, men prøva kan takast om igjen.
Søkeord
bedrift, etablering, eksamen, servering, alkohol, sal, økonomistyring, oppstart, dagleg leiar, drift, planleggjing, kunnskap, vandel, prøve, test, bevis