Transporttjeneste for funksjonshemmede (TT-ordning)

Omtale

Transporttenesta skal gi funksjonshemma som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod  for at dei skal ha høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med andre. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapeut eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Målgruppe

Funksjonshemma

Vilkår

  • Ein må vera fylt 12 år for å få innvilga tenesta.
  • Funksjonshemminga må ha ei varigheit på minst 12 månader.
  • Alle som søkjer på TT - tenesta må sende med bilete og legeerklæring.
  • Bilete treng ikkje vera passbilete

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Forvaltningslova 

Rettleiing

  • Du kan kontakte Koordinerande eining eller tenestetorget for å få hjelp til å skrive søknaden.
  • Legefråsegn og bilete må følgje søknaden.
  • Dersom ein annan søkjer i din stad, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

får du hjå Koordinerande eining, tenestetorget eller hent søknadskjema og legefråsegn på nettsidene til Buskerud Fylkeskommune.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for hovudtildeling av kvoter er 1. februar. Det er moglegheit for å søke heile året dersom det fins ledige kvoter.

 

Saksbehandling

Klage

  • Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. 
  • Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. 
  • I klagen skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe deg med å skrive klagen.
  • Du vil bli underretta om utfallet av klagebehandlinga.

Kontaktinformasjon

Hemsedal kommune

Koordinerande eining

Imrevegen 30

3560 Hemsedal

Tlf:  916 66 845

E-post: Koordinerande eining

Annen informasjon

Søkeord

TT, transport, teneste, funskjonshemma, rørslehemma, bil, sjuketransport, lege, besøk, reise
Publisert
18.06.2008
Sist endra
11.01.2012