Hjelp til rusmisbrukarar og familien deira
Du kan få hjelp
Du kan få hjelp når rusmisbruk har vorte eit problem for deg eller nokon av dine nærmaste.
Hjelpetiltaka er til deg som:
- lurer på om alkohol eller andre rusmiddel er i ferd med å ta overhand
- høyrer stadig oftare frå familie og venner at du drikk for mykje
- har eit nært forhold til noko som har rusmiddelproblemer.
Behandlingstilbod for rusmiddelmisbrukarar.
NAV kan hjelpe med å skaffe plass for innlegging på klinikk eller kurstad.
Gjennom behandlinga prøver ein
- å gje klienten innsikt i sin eigen situasjon
- forstå åtferdsmønsteret sitt
- motivere til å ta imot poliklinisk tilbod etter utskriving.
Klinikkopphaldet kan vare ca. 6 veker, opphald i kollektiv kan vare i 1 - 3 år, og kan vere kombinert med arbeidstrening / skulegang.