Vaksenopplæring for innvandrarar og flyktningar
Norskopplæringa er open for alle, og den er gratis.
Norskopplæring for innvandrarar og flyktningar busett i Hemsedal kommune er organisert i samarbeid med Gol kommune.
Læringssenteret Gol Vaksenopplæring har ansvar for opplæringa ogeld til gamle Gol kommunehus i Gol sentrum.
Opplæringa følgjer Rammeplan for norsk med samfunnskunnskap. Den har to løp, A og B, kvar med 4 modular. Løp A er for personar med vanleg eller mykje skulebakgrunn, medan løp B er for personar med liten eller ingen skulebakgrunn. På desse to løpa har ein rett til 850 og 3000 timer. Undervegs i opplæringa kan ein ta modultestar slik at ein får dokumentert norskkunnskaper sine. Ved fullført løp kan ein melde seg opp til Språkprøva på mellomnivå. Den blir arrangert av Folkeuniversitetet over heile landet 3 gonger i året. Språkprøva dokumenterer eit nivå ein bør ha for å kunne følgje undervisninga i videregåande skule.
Det blir gitt tilbod om heiltids - og deltidsopplæring på dagtid.
Læringssenteret Gol vaksenopplæring gir nærare informasjon om organisering og tilrettelegging av tilbodet. Læringssenteret Gol vaksenopplæring innkallar deltakarane til orientering og kartlegging så snart som mogleg etter dei er komne til Hemsedal.
For å melde seg på til opplæringa tek du kontakt med Læringssenteret Gol vaksenopplæring. Kultur-og oppvekstetaten i Hemsedal kommune vil informere Læringssenteret Gol vaksenopplæring om nyankomne innvandrarar og flyktningar, samt hjelpe til med å etablere kontakt med Læringssenteret Gol vaksenopplæring.
Søknadsskjema norskkurs haust 2010 - elevar utan rett til gratis norskopplæring
Søknadsskjema om gratis norskopplæring for vaksne innvandrarar - haust 2010 og vår 2011
Publisert:
07.11.2007
Sist endra:
04.06.2010