Ulsåk skule
Ulsåk skule

Ulsåk oppvekstsenter- avd. skule

Ulsåk skule har 60 elevar i 1. - 4. klasse og eiga skulefritidsordning.
Ulsåk Oppvekstsenter ligg lengst sør i Hemsedal kommune, med flott utsikt til Hydnefossen.
Her finn du skulen på kartet.

Visjon for Ulsåk skule:

Ulsåk skule - meistring og læring for alle.

Ulsåk skule sitt satsingsområde 2010-2011 er:

Språk og kommunikasjon.

 

Pedagogisk platform, Ulsåk skule:

  • Vi vil skape eit godt og trygt miljø for læring, både sosialt, emosjonelt og fagleg.
  • Alle skal lære samarbeid, omsorg og å ta ansvar for seg sjølv og andre.
  • Vi vil gje ungane gode opplevingar som skal vere positive og gje grunnlag for læring.
  • Klimaet må vere slik at alle tør å ta nye utfordringar, på eigne premissar.
  • Alle må ha respekt for kvarandre og kvart sitt funksjonsnivå.
    Dette gjeld både vaksne og born.

Organisering av dagen

  • Skuledagen tek til kl. 08.30 og sluttar kl 14.20 tysdag, torsdag og fredag. Måndag slutter skuledagen kl. 13.20
  • Onsdag har elevane fri 
  • Vi har matpause / midttimeaktivitet kl. 10.30 - 12.00.
  • Det er enklast å nå oss på telefon før kl. 08.30, mellom 10.30 og 12.00 eller etter kl. 14.20.
  • Måndag: Leksehjelp frå kl. 13.20-14.20
  • Tysdag: Leksehjelp frå kl. 14.30-15.30
 
Ulsåk skule har skulefritidsordning, SFO, som er open kvar dag. SFO følgjer skuleruta. Utanom skuleruta er SFO open etter behov, med eigen påmelding og betaling.
Publisert
30.06.2006
Sist endra
17.01.2012
Publisert av
Gunn Berit Mythe Nergård