Samfunnssikerheit i planlegging

etter Plan- og bygningslova jf Pbl § 3-1 bokstav h

Fremje samfunnssikkerheit ved å førebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar med meir.

  • Samfunnssikkerheit i arealplanlegginga skal hindre at ein gjennom arealdisponering introduserar ny risiko og sårbarheit i samfunnet.
  • Ein bør unngå å bruke areal som inneheld uønska risiko og sårbarheit
  • Ein bør tilpasse seg risikoen på ein slik måte at risiko og sårbarheit vert unngått, for eksempel gjennom utforming/dimensjonering av bygningar.

Arealdelen til kommuneplanen bør som eit minimum gje oversikt over potensielle faresoner og føresegner om vidare planlegging.

I reguleringsplanar bør farekartlegginga være nøyaktig nok til å avgjere om utbygging vil kunne bli tilstrekkeleg sikker i høve til sikkerheitsnivåa gitt i NVE sine  retningslinjer og TEK.

Arealplanlegging som tek omsyn til fare for flom, erosjon og skred er det viktigaste verkemidlet for å førebygge skader for slike hendingar.

Kommunen bør så tidleg som mogeleg i planlegginga skaffe seg kunnskap om fareområda, og deretter styre arealbruken utanom desse områda eller gje føresegner med krav om tiltak som gjev tilstrekkeleg sikkerheit for bygningar mm.

Temavegleiarar: Samfunnssikkerheit og planlegging etter Plan – og bygningslova (Plandelen)

Arealplanlegging i fareområde - NVE

Kjent utgreiingsmateriell for snøskred i Hemsedal 1993 -  2009

  Område År Rapport
NGI Heimdalen hytteområde 1994 934083-1
NGI Mørekvamdalen hyttepmråde 1993 934082-1
NGI Søteli- Mørekvam 1993 934094-1
NGI Holdeskaret 2004 20041167-1
NGI Skarsnuten / Storelia, hytteområder 1999 994029
NGI Solheisen/ Solsiden 2005 20051237-2
NGI Grøndalen Søre 2004 20041062-1
NGI Golfstua Grøndalen 2005 20051100
NGI Grøndalen Grosetlia 2002 20021167-1
NGI Tinden/  H2 i Holdeskaret 2009 20091538-00-2-R

 

NVE’s flaumsonekartlegging i Hemsedal 2006:

10 års – 100 års -  200 års – 500 års flaum

Flaumsonekartlegging for Trøim  og Ulsåk 2006

Sist publisert
10.11.2014
Publisert av
Ivar Bergstøl

Kontaktinformasjon

Ivar Bergstøl
Arealplanleggjar
Tlf: 31 40 88 53

Judith Hannele Aakre
Arealplanleggjar
Tlf: 31 40 88 52