Saksgang for planlegging
Kommunen har ansvaret for planleggingsoppgåver og er planleggingsmyndigheit. Kommunestyret skal sjå til at det blir utarbeida reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette fylgjer av lov eller av kommuneplanen sin arealdel og der det er vidare behov for å sikre planavklaring for gjennomføring av bygge- og anleggstiltak.
Områderegulering
vert brukt av kommunen der det er krav om slik plan i kommuneplanen sin arealdel eller at kommunen finn at det er behov for å gjere meir detaljerte områdevise avklaringar av arealbruken.
Detaljregulering
vert brukt for å fylgje opp kommunen sin arealdel og eventuelt etter krav fastsett i ein vedteken områderegulering.
Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremme framlegg til detaljregulering for konkrete bygge – og anleggstiltak. Private framlegg må fylgje opp hovudtrekk og rammer i kommuneplanen sin arealdel og føreliggjande områdereguleringar.
Ved avvik gjeld krav om konsekvensutgreiing av planen sine verknader for miljø og samfunn.
Reguleringsplan/detaljplan
inneheld arealplankart som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader og med naudsynte føresegner til arealbruken.
Lovverket til reguleringsplan er her.