Omsorgsløn

Omtale

Omsorgsløn skal gi ein viss økonomisk kompensasjon til personar som har omsorgsarbeid og stimulere dei til vidare innsats.

Omsorgsløn blir gitt uavhengig av familens økonomi, men kommunen kan samordne omsorgsløn med folketrygdas hjelpestønad. Ein kan kreve at det vert søkt om hjelpestønad før omsorgsløn blir innvilga, eller ved å redusere omsorgsløna med hjelpestønadens beløp. Det er Nav som handsamar søknader om hjelpestønad.

Målgruppe

Omsorgsytarar, som oftast nære pårørande.

Personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan tildelast omsorgsløn.

Den blir gitt utan omsyn til alder, funksjonsnedsetting eller sjukdom hos den som mottek omsorgen.

Kommunen vil avgjere om omsorgsløn skal bli gitt, og kva for nivå løna skal liggje på.

Kommunen kan ved utmåling av omsorgsløn ta omsyn til om den omsorgstrengande mottek hjelpestønad og/eller andre tenester. Hjelpestønad blir gitt til den omsorgstrengande, omsorgsløn til omsorgsytaren.

 

 

 

 

 

 

Vilkår

Omsorgsytaren må ha «et særlig tyngende omsorgsarbeid». Moment som kan takast med i vurderinga, er:

  • om søkjaren arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet medfører mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
  • om fordelinga over tid; om det skjer i periodar eller heile tida
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • om det er snakk om omsorg for meir enn éin person

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsløn. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om omsorgsløn.

Det må søkjast om tenesta. Eit fleirfagleg team i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av omsorgsløn.

Ved søknad om omsorgsløn blir søkjaren bedt om å fylle ut Døgnklokkeskjema

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan anke avgjerda.
  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
  • Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
  • I klaga skal det opplysast om kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
  • Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.  Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
  • Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga, enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Hemsedal kommune
3560 Hemsedal

Tlf. 31 40 88 00
E-post: Hemsedal kommune

Annen informasjon

Nærståande tenester:
Sykehjem - korttidsopphold
Sykehjem - langtidsopphold
Sykehjem - avlastningsopphold
Avlastning

Søkeord

omsorgspenger
Publisert
06.02.2009
Sist endra
12.09.2011