Korttidsplass i institusjon
Forebyggjande tiltak for å kunne bu heime lengst mogeleg. Bu og behandlingstilbod til sjuke og pleietrengande som ikkje kan bu heime for eit kortare tidsom på grunn av akutte problem.
Kven får tenesta
Tenesta blir tildelt utifrå fagleg vurdering og prioritering og til brukarar som:
- har behov for ein overgangsordning ved utskriving frå sjukehus
- har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
- treng opptrening/vedlikehaldstrening
- reng sosial stimulering
- akutt behov for institusjonsplass
Kva omfattar tenesta
- -Hjelp til personleg hygiene ved behov
- Måltid
- Medisinar og medisinsk forbruksmateriell ved behov
- Fysio- og ergoterapi ved behov
- Under korttidsopphald blir legen på avdelinga brukt
- Sosiale aktivitetar
Kvar blir tenesta gitt
Korttidsopphald skjer på Hemsedal bygdaheim.
Korleis få tenesta
Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til
Pleie og omsorg,
Imrevegen 30,
3560 Hemsedal
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.
Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ein heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet. Korttidsplass blir innvilga vanlegvis for 2 - 3 veker. Det blir teke individuelle hensyn.
Lovheimel
Tenesta blir tildelt etter Lov om sosiale tenester og Lov om helsetenesta i kommunane.
Klage
Dersom du ønsker å klage på vedtaket er det klagerett etter lova.
Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke.
Klagen skal sendast til
Pleie og omsorg,
Imrevegen 30,
3560 Hemsedal.
Klageinstans er Helsetilsynet i Buskerud.
Pris