Hemsedal Bygdaheim

Målsetting:

Bygdaheimen skal gje eit tilbod som er individuelt tilpassa og som fremmer bebuarane sin livskvalitet.

Ved innflytting vert det sett opp ei avtale med målsetting for opphaldet og korleis ting skal ordnast for deg og dine pårørande.

Hemsedal Bygdaheim har i dag:

· Doktor kvar torsdag, legevisitt
· Tannlege / tannpleier etter behov
· Fysioterapeuter
· Bank ein dag i månaden
· Andakt kvar andre veke. Dersom du ynskjer vitjing av prest utanom     dette, vil personalet hjelpe til med å formidle kontakt.
· Aktivitetar og tilstellingar av ulike slag
· Minikiosk i resepsjonen
· Frisør kvar torsdag - brukaren betalar dette sjølv
· Fotpleie kvar måndag og torsdag - brukaren betalar dette sjølv

Fleksibel frukost frå kl. 08.00 - 10.00 måndag - fredag
Felles frukost kl. 09.30 laurdag og sundag
Dugurd kl. 13.00
Middag kl. 16.15
Kaffi kl. 18.00

Vi har felles måltid for alle i spisesalen. Dei som har behov for det, får mat på rommet.

Utover desse faste måltida blir det servert mat ved behov og det vert laga diettmat til dei som har behov for det.

Økonomi:

Betaling for opphaldet skjer etter gjeldande reglar fastsett av Sosialdepartementet.

Dagplass kr. 68,00 pr. dag
Korttidsopphald kr. 129,00 pr. døgn

Langtidsplass eller opphald over 60 døgn, vederlag etter gjeldande reglar.

Du betaler sjølv for daglege personlege ting t.d. hårpleie, fotpleie, nokre aktivitetar, nytelsesmiddel og liknande.

Alle vi på Hemsedal Bygdaheim vil med dette ynskje deg velkommen til å bu her.

 

Publisert
12.11.2007
Sist endra
07.01.2011
Publisert av
Kirsten Marie Brenno

Kontaktinformasjon

Hemsedal Bygdaheim
Tlf: 31 40 88 60

Heimebaserte tenester
tlf: 917 24 986

Koordinerande eining
Tlf: 916 66 845 kl. 08.00- 15.00
E-post: Koordinerande eining

Helse og omsorgsjef 
Borghild Moen (epost)

Konsulent
Kirsten Marie Brenno (epost)

Gruppeleiar Hemsedal Bygdaheim
Hege Strand Føynum (epost)

Gruppeleiar Heimebaserte tenester
Tarjei Alvestad (epost)

Kvalitet - og fagutvikler
Henrik J. Thorset (epost)

Kjøkkensjef
Hanne Solheim (epost)

Kreftkontakt
Line Strandberg (epost)