Hjemmehjelp
Omtale
Tenesta inneheld nødvendig praktisk hjelp i heimen til alle gjeremål i dagleglivet.
Eksempler på kva heimehjelpa kan hjelpe til med: generlt husarbeid, matbestilling mm.
Målgruppe
Personar som har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, rusmiddelmisbruk, alder, eller av andre årsaker.
Vilkår
Heimehjelp blir gitt til dei som ikkje klarer å ha dagleg omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren, avgjer kva for tenester som skal ytast.
- Brannførebyggjande kontroll
- Personleg hygiene
- Reingjering
- Førebygge sosial isolasjon
- Avlaste familie
Minst eitt av desse punkta må vera oppfylt for at brukaren kan få hjelp.
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å skrive søknaden.
Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Tenesta vert ytt når behovet er der, og blir handsama etter kvart.
Klage
- Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker etter at meldinga vart motteken.
- Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
- I klagen skal det opplysast og grunngivast kva ein ønskjer endra i vedtaket. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
- Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Melding om utfallet av klagebehandlinga blir send enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
Det vert fatta eit vedtak i samsvar til forvaltningslova. Søkjaren kan klage på vedtaket. Eventuell klage vert avgjort i siste instans av Fylkesmann i Buskerud
Kontaktinformasjon
Ansvarleg verksemd: Helse og Omsorg
Sakshandsamar - kontaktperson: Gruppeleiar heimebasert omsorg
Søknaden skal sendast til:
Helse og Omsorg,
Imrevegen 30,
3560 Hemsedal
Hemsedal kommune
3560 Hemsedal
Tlf. 31 40 88 00
E-post: Hemsedal kommune
Søkeord
eldre, gamal, omsorg, sjukdom, rusmiddel, misbruk, funksjonshemma, særskilt behov, heimen