EUs vanndirektiv
EUs rammedirektiv for vatn vart vedtatt i alle medlemsstater i år 2000. Noreg har gjennom EØS-avtalen forplikta seg til å følgje opp den nye vassforvaltningen. Noreg har implementert direktivet i norsk lovgjevning ved ei forskrift - forskrift om rammer for vannforvaltningen.
Målet med forskrifta er å oppnå god kjemisk og økologisk vasstatus innan 2012 for vassdrag i fyrste planfase, og innan 2021 for resten av vassdraga.
For å nå dette målet skal det lagast ein fylkesdelplan for kvar vannregion.
Hemsedal kommune og resten av kommunane i Buskerud høyrer heime i vassregion 2 Vest-Viken saman med heile Vestfold, mesteparten av Telemark og deler av Oppland. Fylkesmannen i Buskerud er vannregionmyndighet for vannregion 2 fram til 01.01.2010. Då overtek Buskerud fylkeskommune. Fylkesmannen i Buskerud held fram som fagmyndighet.
Vassregionutvalget for vassregion 2 (Vest-Viken) vart konstituert på møte 14. februar 2007. Utvalet består av representantar frå berørte fylkesmannembeter, fylkeskommuner, kommunar og sektormyndigheter.
Referansegruppen består av andre berørte og interesserte.