Næringsavfall

Bakrunn

11. april 2003 vedtok Stortinget å endre definisjonane av avfall i lov om forureiningar og om avfall av 13. mars 1981 (forureiningsloven) frå kategoriane forbruks- og produksjonsavfall til kategoriane nærings- og husholdningsavfall. Endringane trådde i kraft 1. juli 2004.

Som ei følgje av dette blei kommunane sine plikter og ansvar på avfallsfeltet redusert, samtidig som offentlege og private verksemder fekk auka handlefridom.

Ot.prp. nr 87 pkt. 2.6.4 omhandlar korleis ein kan hindre ein eventuell risiko for auka forsøpling som følgje av lovendringa:

  • ”departementet samtidig med at lovendringen trer i kraft, vil delegere myndighet til kommunene til å føre tilsyn med besitter av næringsavfall etter forurensingslovens § 48 mm”.
  • ”for å sørge for at kommunene ikke påføres økte kostnader som følge av disse oppgavene, anser departementet det som nødvendig å gi kommunene anledning til å kreve utgiftene knyttet til kontrollarbeidet dekket”.

Miljøverndepartementet gjorde 5. desember 2003 nr. 1909 delegeringsvedtak:

  • "Samtlige av landets kommuner får delegert myndighet etter forurensingslovens § 48 første ledd til å føre tilsyn med at besitter av næringsavfall som ikke i art eller mengde skiller seg vesentlig fra husholdningsavfall, håndterer dette forsvarlig.

Innenfor det saksområdet der kommunen har fått myndigheit etter forurensingslova § 48, har kommunen også fått myndigheit til å

  • kreve nødvendige opplysningar av avfallseigar etter § 49
  • utføre inspeksjon av eigedom og granske dokumenter og materiell etter § 50
  • fastsette forskrift om gebyr etter § 52a
  • fastsette og frafalle tvangsmulkt etter § 73
  • kreve påtale etter § 78 siste ledd og § 79 siste ledd

På bakgrunn av dette vert det utarbeidd forskrift om gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall.

Frå den dato denne forskrifta er gjort gjeldene vil kommunen starte opp tilsyn med eigarar av næringsavfall og kreve gebyr for dette.

Om tilsynsordninga

Som grunnlag for arbeidet med å føre tilsyn med bestemmingane i forureiningsloven og forskrift om miljøretta helsevern, kan kommunen utarbeide retningsliner for kva som er å sjå på som forsvarleg oppbevaring og handtering av avfall.

Kommunen si tilsynsmyndigheit  inneber

  • Kommunen skal sjå til at verksemda er orientert om kva krav som er retta mot dei
  • Gjennomføre tilsyn med verksemder etter fastsett plan og følgje opp at verksemda retter opp avvik etter fastsett tid.
  • I tilfeller der kommunen påviser avvik frå pliktene etter forskrifta, kan desse krevast retta etter forskrifta § 6 jf. kommunehelsetenestelovens § 4a-8.
  • Let avfallseigar vere å etterkomme kravet om retting, kan vedkommande ileggast tvangsmulkt

Fastsetjing av gebyr

  • Gebyr etter forskrifta er eit kontrollgebyr, dvs. eit gebyr som skal dekke utgiftene knytta til arbeidet med å utføre kontroll
  • Gebyret er ikkje straffegebyr med føremål å bøteleggje påvist misleghald.
  • Kommunen kan ikkje pålegge kontrollobjektet å betale kontrollgebyr utan at dette er fastsett i ei kommunal forskrift.
  • Den enkelte som faktisk blir kontrollert vil bli kravd  for betaling av gebyr fastsett etter forskrift med heimel i § 52 a. 
  • Det vil ikkje vere høve for kommunen til å kreve et generelt gebyr av einkvar som eig  næringsavfall uavhengig av kontrollvirksomheten.
  • Satsen på gebyret skal  ikkje overstige kommunen sine kostnader ved kontrollordninga jf. forureiningslovens § 52 a første ledd første punktum.
Publisert
09.12.2009
Sist endra
08.09.2011