Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres
Bakgrunn for planen
- Initiativet til ein felles energi - og klimaplan for Hallingdal og Valdres vart teke av renovasjonsselskapa i Hallingdal og Valdres sommaren 2007.
- I samarbeid med regionrådet i Hallingdal og Valdres natur og kulturpark vart det utarbeidd prosjektsøknad på vegne av alle 12 kommunane i løpet av vinteren 2007/2008.
- Oppstartsseminar vart halde hausten 2008 på Storefjell Resort med over 100 deltakarar.
Planperioden
- Alle kommunane har vedtatt den regionale energi og klimaplanen
- Prosjektet er ferdig juni 2010, men prosjektleiar kan framleis verte involvert i arbeidet med dei kommunevise planane.
- Planen og tiltaka bør og skal vere slik at kommunane kjenner eigarskap til dei og har tru på at dei kan gjennomførast. Samtidig skal kommunane bli oppfatta som den "grøne regionen" i løpet av 3-5 år.
- Kvar enkelt kommune lagar eigne delplanar etter plan - og bygningslova som bygger på denne rammeplanen. Det er opp til kvar einskild kommune å setje ekstra krav til seg sjølv i dei einskilde kommunedelplanane.
Les Energi og klimaplanen her
Overordna mål i energi og klimaplanen:
- Klimagassutsleppa i Hallingdal og Valdres skal pr årsinnbyggjar reduserast med 5 % innan 2010, med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2030 i høve til utsleppa i 2006.
- Det er mål om 15 % reduksjon i energibruk pr. m2 i bygg basert på el og olje, innan 2012. Tilsvarande 20 % reduksjon i 2020.