ENØK

grøn lyspære, illustrasjon energiøkonomisering

Stønad til ENØK- tiltak

  • Føremålet med ENØK-fondet er å sikre økonomisk stønad til investeringar i tråd med Hemsedal kommune sin miljø- og energipolitikk.
  • Ordninga vart oppretta hausten 2009.
  • I budsjettet for 2012 er kr. 500.000,- øyremerka ENØK-tiltak.
  • Tilskot frå Hemsedal kommune kan ikkje kombinerast med tilskot frå Enova.
  •  Meir informasjon på Enova sine heimesider 

Tilskotet skal nyttast til:

  • sparing av energi
  • særskilt tiltak som vil løyse ut energiomlegging
  • bruk av andre fornybare energikjelder til oppvarming

Det er ønskjeleg å redusere forbruket av elektrisitet og auke bruken av lokale og fornybare energikjelder.

Målgruppe for ENØK-fondet:

  • privatpersonar med eigedom brukt til bustadformål i Hemsedal kommune
  • organisasjonar og verksemder lokalisert i Hemsedal kommune
  • Det er berre instalasjonar i Hemsedal kommune som vert vurdert

Last ned søknadsskjema her:

Søknadsfrist: 1. april og 1. oktober

Vedtektene er under revidering.

Dei blir handsama i Formannskapet 7. februar, og sendt vidare for endeleg godkjenning i Hemsedal kommunestyre 8. mars 2012.

Publisert
08.02.2010
Sist endra
03.02.2012
Publisert av
Unni Mythe