Alle som vil gjere næring av å drive ein serveringsstad må ha serveringsløyve gjeve av kommunen, jf serveringslova § 3.
Med serveringsstad meiner ein stader der det føregår servering av mat og drikke, og der tilhøva ligg til rette for fortæring på staden, jf § 2.
Døme på serveringsdrift som krev løyve
- tradisjonelle restaurantar
- kafear
- gatekjøkken
- bensinstasjonar med gatekjøkkenmat
- potetvogner
- bakeri med tilknytt kafédrift
Unnatak for kravet om serveringsløyve
- cateringverksemd
- kioskar som berre sel vanlege kioskvarer, inklusive varme pølser.
- helseinstitusjonar
- skular
- ein del kantiner
- tog, fly, båtar i rutetrafikk
- ideelle foreiningar.
Det er den einskilde serveringsstad som er ansvarleg for å ha serveringsløyve.
Mattilsynet
Den som vil drive verksemd som høyrer inn under forvaltingsområdet til Mattilsynet og er omfatta av meldeplikta, skal på førehand melde frå om dette til Mattilsynet.
Meldinga skal sendast til Mattilsynet der verksemda skal gå føre seg. Endringar i desse opplysningane skal òg meldast til Mattilsynet.
Andre lover og regelverk som har påverknad for oppstart av serveringsverksemd
- næringsmiddellovgivinga der det mellom anna blir stilt krav til hygiene
- generelle brannvernforskrifter
- krav til bokføring og rekneskap
- skatte- og avgiftsføresegner
- krav til opphalds- og arbeidsløyve
- føresegnene i alkohollova
- arbeidsmiljøføresegner