Etablererhjelp
Næringskontoret i kommunen kan gje
- enkle råd om etablererstønad,
- tips om næringslivsmentorar, eller
- gje råd innan finansiering og
- råd om ulike stønadsordningar.
Hallingdal Etablerersenter
Er eigd av kommunane og sit med spisskompetanse innan etablering av næringsverksemd.
Dei gir gratis hjelp og rettleiing innan desse områda:
- kvalitetsvurdering av forretningsidé
- finansieringstips om tilskuddsordningar, lån og krav til egenkapital
- rettleiing om offentlege lover og reglar knytta til næringsverksemd
- generelle råd og tips om næringsvirksomhet
- oppfølging av nystarta verksemder
Gratis etablererskule
Etablererskulen E2 handlar om å lage din eigen forretningsplan. Gjennom denne skal du få avklart vesentlege moment undervegs mot etablering. Dette er nødvendig for å kunne gje deg svar på om du bør starte, justere planane- eller kanskje bør du vurdere å late vere å eteblere bedrift.
- www.etablerer.no er ein nettbasert etablererskule
- møteplass for deg som vil lære meir om vegen til eiga bedrift
- meir enn 500 sider lærestoff
- øvingar
- interaktive skjema
- reknemodellar i form av tekst/bilete og multimedia
Det er mykje smartare å buklande eit par gonger på "trygg grunn" før du tek av for alvor. Sjå på e2 skulen som din simulator