Kulturprisen 2010 til Frank Jonsrud

Under sommaravslutninga ved Hemsedal barne- og ungdomsskule vart Hemsedal kommune sin kulturpris delt ut.
Leiaren for hovudutval for livsløp, Sveinung Halbjørhus hadde den hyggelege oppgåva med å dele ut kulturprisen.
Frank Jonsrud har gjort seg fortent til prisen gjennom eit mangeårig engasjement for idrettslivet i bygda.
I grunngjevinga vart det peika på Frank Jonsrud sin innsats til glede for bygda sine marn og unge, både som banemeister for skøytebanen på Ulsåk og langvarig innsats for fotballgruppa. Jonsrud var ein stor pådrivar i arbeidet med styrketreningsrommet.
Prisen er eit diplom og eit måleri av kunstnaren Tove Jensen