Under skytingens dag vart Hemsedal kommune sin kulturpris for 2009 delt ut.
Ordførar Oddvar Grøthe hadde den hyggelege oppgåva med å dele ut kulturprisen.
Gunnar Halbjørhus mottok prisen for prestasjonen som dobbel kongepokalvinnar frå Landsskytterstevnet.
Halbjørhus vann fyrste gong Kongepokalen i 2003 for så å gjenta bragden i 2007.
Prisen er eit diplom og eit grafisk trykk.