Hemsedal ungdomsråd vart oppretta 01.01.2010.
Rådet er formelt tilknytta kommunepolitikken og er eit innflytelsesorgan som skal fremje ungdommen sine interesser i Hemsedal.
Rådet skal ta initiativ for å få fram saker som vedkjem ungdom og gje råd for kommunale etatar i sakar som vedkjem dei unge.
Ungdomsrådet skal kvalitetssikre det politiske arbeidet med å betre dei unge sine oppvekstvilkår i bygda.
Rådet skal årleg gje midlar til tiltak retta mot ungdom.