Hemsedal Bygdearkiv

Akvarell av fjell med fossen Hydnefossen. Elsa Garatun
Hemsedal bygdearkiv har lokala sine ved sidan av biblioteket. Hemsedal bygdearkiv har ope kvar tysdag kl. 17:00 - 20:00 i tidsrommet 1.november - 31.mai   
 

Hemsedal Historielag står for drifta av bygdearkivet. Hemsedal Historielag vart eteblert i 1999. Seinare dette året inngjekk dei avtale med Hemsedal kommune om drift av bygdearkivet .

Historielaget har gjort eit stort og omfattande arbeid med å registrere gamle bilete, dei har òg  samla mykje nyttig informasjon om gamle Hemsedal.

Drifta av bygdearkivet er basert på frivillig arbeidsinnsats av historielaget sine medlemmer. 

Hovudutval for livsløp er styre for Hemsedal bygdearkiv.
Leiar er Endre Ulsaker 

Publisert
13.02.2007
Sist endra
08.09.2011
Publisert av
Marit Wøllo