Hjelpetelefon og -web
Her finn du oversikt over ulike hjelpetelefonar og nettstader for både barn og unge, vaksne og pårørande.
Mental Helse sin hjelpetelefon
Tlf: 810 30 030
Nokre gonger vert utfordringane for store og nokre gonger kan det følast vanskelg å kome vidare. Kanskje treng du nokon å snakke med? Nokon som har tid til å lytte, og som kan gje deg råd og informasjon?
Hjelpetelefonen er eit døgnope tilbod - 365 dagar i året. Du kan òg ta kontakt gjennom nettidene www.sidetmedord.no
Bekymringstelefonen for vaksne og barn
Tlf: 810 03 940
Telefonteneste for vaksne som har bekymringar eller spørsmål i forhold til barn og unge. Ope alle kvardagar.
Meir informasjon finn du på www.vfb.no
Kirkens SOS
Tlf: 815 33 300
Ei døgnopen kristeneste. Kirkens SOS tilbyr ein anonym og uforpliktande samtale- på krisetelefon eller via SOS- melding over nettsidene www.kirkens-sos.no
Røde Kors hjelepetelefon for barn og ungdom
Tlf: 800 33 321
Røde Kors hjelpetelefon for barn og ungdom er eit grønt nummer for deg som er ung. Her er vaksne som har tid og lyst til å lytte og snakke med deg. Dei som svarar på telefonen er vant til å snakke med barn og unge. Du kan snakke med hjelpetelefonen om alt, enten du er glad eller trist, redd, lurer på noko eller du treng hjelp.
Telefonen er open kvar måndag til ferdag frå kl. 14.00 til kl. 20.00.
Du kan også ta kontakt på nett på www.korspahalsen.no
Homofiles ungdomstelefon
Tlf: 810 00 277
HUT er Skeiv Ungdom sin hjelpe- og støttetelefon. Dette er eit lågterskeltilbod som skal vere tilgjengeleg for unge som treng nokon å snakke med om forelsking, seksualitet, sikrare sex kjønn, identitet, og aktivitetstilbod. Tenesta er open sundag til ferdag kl. 18.00- 22.00. www.ungdomstelefonen.no
Hjelpelina for speleavhengige
Tlf: 800 800 40
Tusenvis av nordmenn er vortne avhengige av pengespel. Er du ein av dei? Eller kjenner du ein som spelar for mykje?
Då kan du ringje Hjelpelina. Her vil du møte ein person som kan kan støtte mennesker i krise. Ved ringje Hjelpelina får du også informasjon om kva behandling som fins for speleavhengige. Samtalen er gratis. www.hjelpelinjen.no
Arbeidslivstelefonen
Tlf: 815 44 544
Arbeidslivstelefonen vert driven av Mental Helse og er til for deg som vil ha nokon å snakke med om dei små og store utfordringane i arbeidslivet.
Meir informasjon finn du på www.arbeidslivstelefonen.no