Nattlegevakt
Hallingdalskommunane samarbeider om felles nattlegevakt.
Kvar
- Lokalisert til Hallingdal sjukestugu på Ål
- Lokala ligg i kjellaren
- Inngang fra nedsida.
Legevakta er bemanna med lege og sjukepleier som er tilstades i
vaktlokala gjennom heile natta.
Når
På kveldstid er det ingen endring frå tidlegare. I tidsrommet frå legekontorene stenger og fram til nattlegevakten opnar, er det framleis lege på vakt i dei ulike vaktdistrikta.
Korleis
- Ring legevakt og gjer avtale.
- Tlf 32 06 07 88
I utgangspunktet tilrår ein å ringje legevakt og gjere avtale, sjølv om det vil vere personell tilstades gjennom heile natta .
Ein unngår unødig ventetid ved at ein får konkret timeavtale. Ein kan også få hjelp til å organisere transport til legevakten, eller få gode råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er nyttige til ein kjem fram til legen.