Fysioterapi
Omtale
Tenesta inngår som ein del av helsetilbodet i kommunen og blir gitt i samband med forebyggande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade. Tenesta kan gi hjelp med mellom anna:
- undersøkingar
- funksjonsutgreiingar/motorisk vurdering
- utforming og oppfølging av tiltak
- behandling og rehabilitering
- gruppetrening
- forebyggande helsearbeid
- hjelpemiddel
Målgruppe
Personar som treng fysioterapi i samband med alder, funksjonsnedsetjing, sjukdom eller skade.
Vilkår
Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet.
Rettleiing
Tenesta kan bli gitt uavhengig av om ein bur heime eller på institusjon. Heimebuande kan få tilbod om fysioterapi i heimen dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å bruke eit fysikalsk institutt.
Når behovet for behandling er godkjent, ta kontakt med fysioterapiavdelinga, slik at ein eventuelt blir sett på venteliste.
Klage
- Dersom det ikkje er motteke nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan dette etter kommunehelsetenestelova påklagast til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
- Klagen må ta for seg tilhøva det blir klaga på. Den bør peike på kva ein ønskjer å endre på, og grunngjeving for dette.
- Kommunen kan gi rettleiing. Klagen skal sendast den instansen i kommunen som har behandla saka. Held kommunen oppe avgjerda si, skal klagen sendast vidare til Helsetilsynet i fylket.
- Som mottakar av helsetenester kan det etter pasientrettlova også klagast til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tjenesteytaren, slik at det blir gitt høve til å løyse saka på lågaste nivå.
Kontaktinformasjon
Leiande fysioterapeut
Kristin Carlsen
Tlf: 97 05 88 18
Privatpraktiserande fysioterapeut
Anna Pedersen:
Tlf: 31 40 88 73
41 28 94 86
Annen informasjon
Trygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Stønad til fysioterapi blir berre gitt dersom fysioterapeuten har avtale om driftstilskot med kommunen.
Pasienten betaler ein eigendel avhengig av diagnose. Behandling og transport til behandling er gratis for barn under 12 år. Vaksne og barn over 12 år må betale eigendel inntil dei har nådd beløpsgrensa for frikort frå folketrygda, dersom diagnosen ikkje gir rett til fri behandling.
Søkeord
behandling, skade, operasjon, helse, terapi, sjukdom, funksjon, utgreiing, motorisk, rehabilitering, fysikalsk, kols, slag, barn, eldre, svangerskap, undersøkjing, massasje