Skiløper mot Harahorn. Foto: Marit Wøllo
Friskliv Hemsedal
Friskliv Hemsedal har sitt utspring i ei parnertskapsavtale mellom Buskerud Fylkeskommune og Hemsedal kommune.
Friskliv Hemsedal skal vere ein lokal utviklingsaktør for folkehelse i Hemsedal.
Prioriterte satsingsområde
- Fysisk aktivitet
- Psykisk helse
- Kosthold
- Røykeslutt
Friskliv Hemsedal arrangerer fleire aktivitetstilbod for innbyggjarane i Hemsedal.
Gratis frisklivstrening i Trøimshallen
- Måndag: 15.10 – 16.10 Step og styrke
Instruktør, Charlotte Andersson
- Tysdag: 15.10 – 16.10 Styrke og bevegelighet
Instruktør, Einar Ellseth
- Fredag: 12.00 – 13.00 Spinning
Instruktør, Einar Ellseth
Frisklivstrimmen er eit lågterskeltilbod. Aktiviteten vert lagt opp slik at alle skal kunne delta i sitt tempo.
Andre tiltak:
- Friskliv Hemsedal er med å arrangere midttimeaktivitet ved Hemsedal barne- og ungdomsskule. Elevane ved skulen får gjennom dette dagleg fysisk aktivitet. I tillegg har Friskliv Hemsedal gitt vasskjølar og vassflasker til alle elevar og personal ved skulen
- Friskliv Hemesdal arrangerer årlege gåturar i nærområdet
- Friskliv Hemsedal arrangerer stavgangkurs
- Friskliv Hemsedal arrangerer røykesluttkurs
- Tilsette i Hemsedal kommune kan trene inntil 45 minutt i arbeidstida
- Friskliv Hemsedal har bidratt med midlar til frukt og grønt for elevane ved Tuv og Ulsåk oppvekstsenter