Tuv vassverk

Tuv vassverk forsyner byggefeltet og sentrum på Tuv.

Vassverket ligg på sørsida av elva Mørkedøla og forsyner Tuv tettstad ved pumping direkte på nettet. Vassverket har ikkje høgdebasseng. Eit dieselaggregat startar automatisk og gjev straum til vassverket om det vanlege straumnettet skulle falle ut.

Fakta om Tuv vassverk

Vasskjelde: Grunnvatn frå brønn i lausmassar
Desinfisering: UV-filter (ultrafiolett lys)
Desinfisering i beredskap: Klor (natriumhypokloritt-løysing - NaOCl)
Regulering av pH-verdi: Tilsetjing av vannglass (natriumsilikat-løysing - Na2SiO3)
pH-verdi i brønnane: Om lag 6,2
pH-verdi ut frå vassverket: Om lag 8,0
Publisert
26.05.2009
Sist endra
07.09.2011
Publisert av
Ingar Nergård