Vassforsyning
Vassforsyninga i Hemsedal kommune består av to vassverk, tre høgdebasseng og fleire trykkøkningsstasjonar (pumpestasjonar), i tillegg til leidningsnettet.
- det største vassverket i kommunen
- leverer vatn til Holdebakken, Trøim og Ulsåk.
- leverer drikkevatn til Tuv tettstad.
Høgdebassenga
- gjev tryggleik i vassforsyninga ved at dei fleste abonnentane er sikra vasstrykk sjølv om straumen går
- utgjer ein vassreserve til brannsløkking som krev meir kapasitet enn pumpene på vassverket kan yte.
- kommunen har tre høgdebasseng knytt til Krikken vassverk, eitt ved Grøv/Ålstveit, eitt ved Holdebakken og eitt i Anderdalslia.
Vasskvalitet:
Drikkevannsforskrifta
- Stiller krav til vatn som skal leverast på nettet.
- Vatnet frå dei kommunale vassverka i Hemsedal har i utgangspunktet svært god kvalitet, men fordi vasskjeldene er grunnvatn er vatnet i utgangspunktet litt for surt (for lav pH-verdi).
- pH-verdien skal vere mellom 6,5 og 9,5
- pH-verdien skal ikkje vere korrosivt, dvs at det ikkje skal tære på vassrøyr av jern og kopar, og røyr med betongforing.
For å oppfylle desse krava vert pH-verdien regulert opp til om lag 8,0 ved vassverka. For dei andre parametrane oppfyller vatnet kvalitetskrava i forskrifta.
Sikre vatnet mot sjukdomsframkallande mikroorganismar
- krav til to hygieniske barrierer
- sikring av sjølve vasskjelda (i motsetning til overflatevatn)
- desinfisering.
Kvalitetssikring
- faste prøver av drikkevatnet frå brønnane
- faste prøver frå forsyningsnettet
- kvar månad for Tuv vassverk
- kvar 14. dag for Krikken vassverk
Prøvene vert analyserte ved eit laboratorium for å finne ev. bakteriar, farge eller grums, som kan tyde på forureining av kjelda eller leidningsnettet.
Tiltak ved avdekking av redusert drikkevasskvalitet
- ekstra desinfisering, dvs klorering av vatnet
- påbod om koking av vatnet om det er mistanke om større forureining.