Kontroll av vassmålar
Undersøking ved mistanke om at det målte forbruket er større enn det som faktisk er brukt. Undersøkinga består av to deler; lekkasjekontroll og målartest.
Lekkasjekontroll
- Når det ikkje brukast vatn i huset, skal det ikkje registrerast forbruk på vassmålaren. I motsett fall er det lekkasje på det interne nettet. Eit rennande klosett vil i verste fall kunne bety ekstrautgifter på fleire tusen kroner.
- Vassforbruk gjennom måler som skuldast lekkasje på privat sanitæranlegg er huseigars ansvar.
- Ved mistanke om lekkasje på privat vassledning må huseigar kontakte ein godkjent rørleggjar for lokalisering og utbetring.
Målartest
Huseigar kan kontrollere tilnærma nøyaktigheit på målaren sjølv på fylgjande måte:
- Kalibrer for eksempel ei 10 liters bøtte så nøyaktig som mulig ved å fylle opp eit litermål 10 gonger. Merk av vasstanden på bøtta og tøm ut vatnet.
- Steng av alt vassforbruk i huset. Sjekk at det ikkje er lekkasjar!
- Les av visarane på målaren som viser desiliter og liter og noter posisjonane. Om målaren ikkje har visarar, noter antall liter som framkjem av raude siffer og antall desiliter av eit roterande hjul.
- Fyll opp bøtta til 10-litersmerket, frå ein egna tappestad.
- Les av visarane/ siffera på måleren på nytt og noter registrert forbruk.
Denne metoden kan nyttast ved mindre husinstallasjonar og eigedommar der ein har kontroll over alle tappestadene. Dersom vatn vert tappa andre stader i huset mens testen pågår vil resultatet bli feil. I større hus må måleren demonterast og testast i kalibrert testbenk.
Dersom registrert forbruk er minst 5 prosent større enn den oppfylte mengde (10,5 liter på måler mot 10 liter i bøtta), meld frå til Teknisk Drift.
Teknisk Drift som vil syte for kontrollmåling på staden før måleren vert skifta ut.
Det er abonnenten sitt ansvar å be om test av måleren.
Dersom måleren vert testa av kommunen eller engasjert rørleggjarføretak etter oppmoding frå abonnenten, og påvist feil er 5 prosent eller større, vil kommune dekke kostnadene ved testen. I tillegg vil feilregistrert forbruk, avgrensa til dei siste tre åra, tilbakebetalast.
Dersom påvist feil er mindre enn 5 prosent, må du betale for testen.