Om søknaden
1. Skriftleg søknad (utfylt søknadsskjema for søknad om utsleppsløyve og igangsettingsløyve), herunder:
- Den ansvarlege sitt namn og adresse
- Om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i § 12-7 til § 12-13, eller om det vert søkt om å fråvike desse krava
- Dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast (dimensjoneringsgrunnlag for heile anlegget og dei ulike komponentane, samt dimensjonering av anlegget)
- Resultat av minimum ein infiltrasjonstest og ei kornfordelingskurve som er teke der anlegget skal plasserast
- For å vurdere jordprofil, samt avstand til grunnvatn og/eller fjell, skal det utførast sjakting til minimum ein meter djupne.
- Ved sjakting skal jordmassen sine hydrauliske og rensemessige eigenskapar vurderast. Det skal takast fotografi av den opne sjakta
- Plassering av avløpsanlegg og utsleppstad på kart i målestokk 1:5000 eller større (Situasjonskart i målestokk 1:500 der anlegget er inneteikna, samt eit oversiktskart i målestokk 1:1000 med skisser av anlegget der avstandar til bygningar, vegar, vassdrag, drikkevassinteresser (brønnar, bekker, o.l.) og eigedomsgrenser kjem fram)
- Utsleppstorleik i pe, jf. § 11-3 bokstav m
- Beskriving av utsleppstaden
- Interesser som kan bli berørt av etableringa, herunder interesser knytta til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
- Oversikt over kven som skal varslast
- Samtykke frå planmynda i kommunen dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova
2. Varsling
- Partar og andre som kan bli særlig berørt av saken skal bli varsla om innhaldet i søknaden
3. Avtale
- Avtale med grunneigar av eigedom, dersom heile eller delar av anlegget ligger på anna eigedom
4. Innsending av søknad
- Søknaden skal sendast til kommunen, etter at høyringsfristen er ute, saman med kvittering for at varsel er sendt og eventuelle merknader
5. Søknad om ansvarsrett der ansvarsområdet er oppgitt.
For bygging av avløpsanlegg krev ein godkjenning i ansvarsområda:
- Ansvarleg søkar (SØK)
- Ansvarleg prosjekterande (PRO)
- Ansvarleg kontrollerande for prosjekteringa (KPR)
- Ansvarleg utførande (UTF)
- Ansvarleg kontrollerande for utføringa (KUT)
Søknadsskjema finner du her
Det er ikkje utarbeidd søknadsskjema for søknad om utslepp over 50 pe (etter kap. 13). Her lyt søkjer sjølv syte for at søknaden inneheld dei opplysningane som vert kravd i forskrifta.