Etablering av fellesanlegg- informasjon

Det er fleire fordeler ved etablering av felles vass- og avløpanlegg. Ansvar,omkostingar, risiko og vedlikehald vert organisert og delt på fleire. Kommunen har ein kontaktperson å forhalde seg til i samband med organisering, drift og vedlikehald av fellesanlegg.

Juridisk kan slike fellesløysningar i hovudsak delast på to måter:

1. Andelslag

  • Ved danning av andelslag plikter medlemmene å teikne andeler i eit visst forhold til pårekneleg, eventuelt senere målt vassforbruk slik at ein andel gir rett til uttak, forbruk og utløp av ei bestemt mengde/type vatn.
  • Vanleg praksis for private andelslag har votre å gjere avtale om fordeling av utgiftene i samband  med stiftinga av andelslag.
  • Dersom det skal etablerast andelslag bør det framgå av vedtektene litt om bakgrunnen for danninga av andelslaget, føremålet og kven som er og sjå som medlemmer. Det bør også kome fram antal parter og kva  det koster å kjøpe ein andel.

2. Sameige

  • Denne forma for samarbeid i samband med fellesløysning eignar seg kanskje best der fleire eig same grunn, felles eigedomsrett for eksempel ved ekspropriering.  
  • Sameigelova har regler om at sameiger/ sameigarar ved fleirtalsbeslutning kan fastsette skrivne vedtekter som sameigemøte og styre m.v, og at styret skal førestå ei vedteken tenleg bruksorden for sameigarane jf. sameigelova §§ 4 og 6.
  • Sameigelova § 5 inneheld ei bestemming om utnytting av sameigegjenstanden for fellesløysning. Ei slik utnytting kan gå ut på etablering av felles avløpsanlegg med tilhøyrende anleggskomponenter, der felles renseanlegg og ledningsparti blir sameige og den enkelte stikkledning blir den enkelte deleigars ansvar.
  • Etablering av sameige må følgje sameigelova. Bestemmelsar og korleis dette skal gjerast,kjem fram av lova.

Generelle moment som bør vurderast ved etablering av sameige og andelslag

  • Det bør framgå  noko om muligheiter for tilknyting av framtidige hytter/medlemmer.
  • Det bør undersøkast om eksisterande anlegg har tilstrekkeleg kapasitet til å forsyne vedkomande eigedom med godt, nok og sikkert vatn, eller til å rense avløpet frå endå ei eining.
  • Det bør lagast bestemmingar om eventuelle utvideingar av anlegget og kostnader forbunde med dette.
  • Kostnader bør på førehand regulerast gjennom avtale mellom andelslaget/sameige, og den som ønskjer å knytte seg til eksisterende anlegg.
  • Det bør fastsetjast generelle reglar om årlege vass- og avløpsavgifter i tillegg til dei kommunale avgiftene.
  • Dei årlige avgiftene bør innbefatte driftsutgifter, vedlikehaldsutgifter, renter og avdrag på lån, si tilleg til ei rimelig avsetjing for framtidige og uforutsette utgifter.
  • Vedtektene bør innehalde reglar om prosedyrer ved avstenging av vatn eller avløpsanlegget for vedlikehold og reparasjon, kva ansvar sameige/andelslaget eventuelt har overfor det enkelte medlem ved svikt i vassforsyningen eller i avløpsledningen osv.
  • Det bør lagast bestemmingar der det går fram at sameigar/andelshaver må akseptere at det vert lagtledninger over deira respektive eiendomar dersom dette er nødvendig, og at drifts- og vedlikehaldsarbeid kan gå føre seg utan vederlag
  • For eventuelle skader som skulle oppstå, bør det inkluderast regler om at erstatning frå sameige/andelslaget  vert fastsett ved skjønn dersom frivillig avtale ikkje kjem i stand.
  • Vedtektene bør innehalde regler om ansvaret for det enkelte medlem, prosedyrer for endringer av vedtektene, i tillegg til bestemmingar om oppløysning og avvikling av andelslaget/sameige.

Oppsummering

  • Det er av liten betydning korleis etablering og drift av fellesanlegget er organisert så lenge det lvert laga  klare vedtekter som løyser dei viktigaste problemstillingane.
  • Ved meir enn 15 deleigarar/ medlemmer i  vassforsyningsanlegg  tilrår ein andelslag og ikkje sameige.
  • Dersom det skal etablerast vassforsyningsanlegg til minst 50 personar eller minst 20 bustader/ hytter skal det sendast inn søknad om godkjenning etter drikkevassnsforskrifta.
  • Det vil i mange tilfelle vere tilstrekkeleg med ei skriftlie (evt. tinglyst) avtale som løyser de viktigaste problemstillingane i forhold til etablering, drift og vedlikehold av fellesanlegget.

Viktige bestemmingar i samband  med private avløpsanlegg

  • Forurensingslova Kap. 4 viser nærare bestemmingar for samarbeid om og tilknyting til privat avløpsanlegg, samt kostnader knytta til dette.
  • Etter forurensingslova § 22, tredje ledd kan kommunen i utsleppsløyve setje som vilkår at avløpsanlegget vert innretta slik at anlegget kan behandle avløpsvatn frå fleire andre eiendommar.
  • Etter forurensingslova § 23, første og andre ledd kan kommunen bestemme at avløpsvatn kan leiast inn i andre sitt avløpsanlegg.
  • Dersom kommunen bestemmer at ein eigedom skal leie avløpsvatnet til eksisterande privat avløpsanlegg, kan anleggseigar kreve at den som knytter seg til,  gjer eller kostar dei utvidingar og endringar av avløpsanlegget som er nødvendig før tilknyting.

Refusjonsbestemmingar i plan- og bygningslova og forureiningslova

Her kan ein bruke refusjonsbestemmingane i plan- og bygningslova og forurensingslova i samband med tilknytingsavgift til private vass- og avløpsanlegg:
" Et vann- og avløpsanlegg som utarbeides av private aktører i henhold til plan- og bygningsloven § 67 kan det kreves refusjon for i henhold til Kap. IX. Hvem som er pliktig til å bli belastet for refusjon fremgår av pbl. § 49. Det fremgår av § 48 at den refusjonsberettigede er begrenset til å kreve tilbake de utgifter utbygger har hatt for å få utført tiltaket. Utbygger av tiltaket kan således ikke kreve påkoblingsavgifter som overgår de faktiske utgifter man har hatt. Rett og plikt til tilknytning til eksisterende avløpsanlegg fremgår av forurensingsloven § 23. I bestemmelsens tredje ledd fremgår det hva som kan kreves i forbindelse med tilkobling. Det fremgår av denne at eier av anlegget kan kreve at den som knytter seg til foretar eller bekoster de utvidelser og forandringer av avløpsanlegget som er nødvendig før en tilknytning. Det kan ikke kreves årsavgift, dette kan kun kreves i forbindelse med drift og vedlikehold i henhold til forurensingsloven § 25. "

Dette betyr at ein er avgrenset til å refundere dei faktiske utgifter som har vore nødvendige for å få utført tiltaket.

Publisert
25.01.2008
Sist endra
07.09.2011
Publisert av
Elin Tangen