Spreidd avløp

Miljøverndepartementet har med verknad frå 1. januar 2007, vedtatt ny heilskapleg avløpsdel i forureiningsforskrifta. Formålet med bestemmingane er å motverke ureining på ein heilskapleg og effektiv måte.

Forskrift om endring i forskrift om begrensing av forureining (forureiningsforskrifta) omfattar mellom anna:

  • Kap. 11. generelle bestemmingar om avløp
  • Kap. 12. krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande (0-50 pe)
  •  Kap. 13. krav til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbusetnad (50-2000 pe)


Når skal ein søke om utsleppsløyve? (etter forureiningsforskrifta kap. 12 og 13)

  • Når det er utslepp av sanitært avløpsvatn frå hytter, bustadhus og liknande som ikkje kan koplast på offentleg avlaupsnett
  • Ved etablering av utslepp
  • Vesentleg auke av etablert utslepp
  • Ved innlegging av vatn
  • Installering av vassklosset 

Søknad om utslepp

  • Søknad om utslepp skal sendast til kommunen.
  • Du som eigar, er ansvarleg for at det vert utarbeida ein skriftleg, fullstendig søknad, som inneheld nødvendige opplysningar som vil vere av betyding for kommunen, jf forureiningsforskrifta § 12-4.
  • Som oftast vil det vere eit røyrleggarføretak, eit entreprenørfirma eller eit konsulentfirma som utarbeider og sender inn søknad til kommunen.
Publisert
25.01.2008
Sist endra
20.09.2011
Publisert av
Elin Tangen