Heimel om fritak ligg i §4 andre ledd i forskrifta jf. forurensningslova § 30.
- Søknad om dispensasjon skal vere skriftleg dokumentert.
- Kommunen kan kreve fotodokumentasjon der den finn det teneleg.
- Dispensasjon kan berre bli gjeve for særskilte eiendomar.
Vedtak fattet etter desse bestemmelsane er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklages ihht. klagereglane i forvaltningslova.
Bustader
Generelt gjeld at det skal betalast gebyr for bustader som definert i § 2 i forskrifta og etter desse retningsliner. Det kan søkjast fritak dersom bustaden ikkje er bebueleg, er slått sammen med anna bustad og liknande. Eventuelt fritak skal vere knytta til eiegdomen, og kan ikkje gjevast av sosiale grunnar knytta til eigar eller brukar.
Kommunen kan gje fritak for følgjande:
Eigen bruk
a) For bustader som har leilighet/hyblar for utleige, men vil gå over til nytte heile huset til egen bruk, kan ein søke kommunen om fritak frå renovasjonsordningen og gebyrplikta for brukseining som tidlegare blei leigd ut.
Rehabilitering/ombygging
b) Ved rehabilitering/ombygging av bygg/bustader slik at det ikkje kan bu folk i bustaden i ein periode på minimum 12 månader, kan ein søkje kommunen om fritak frå renovasjonsordningen i forkant av den aktuelle perioden. Fritaket omfattår også gebyrplikta.
Ikkje i bruk
c) For brukseining/bustad ein kan dokumentere å ikkje ha vore i bruk i minimum 12 måneder, kan ein søke kommunen om fritak frå renovasjonsordningen og gebyrplikta. Føresetningen er normalt at bustaden ikkje er bebueleg. Dette kan bl.a. innebere at den bygningstekniske tilstanden er svært dårleg eller at vesentlege installasjonar som varmekjelde/eldsted er kopla frå. Dette skal dokumenterast. Eigar av bustaden pliktar å melde frå når bustaden blir nytta, og fritaksgrunnen opphøyrer.
Fråflytta
d) Bustadeigedomar som kan dokumenterast å ha vore permanent fråflytta i meir enn 12 måneder, kan etter søknad få innvilga fritak for kommunale avgifter/gebyr. Føresetning er normalt at fråflyttinga er av midlertidig karakter. Eigar pliktar å varsle Hemsedal kommune umiddelbart dersom eiendomen igjen vert tatt i bruk som bustad. Eventuelle unnlatelser i forhold til varsling, vil bli å sjå som unndragelse av pliktige kommunale avgifter/gebyr med dei følgjer dette måtte innebere.
- Som hovedregel gjelder fritaket for renovasjonsgebyret frå tidspunktet for vedtaket og med maksimal tidsavgrensning på 12 månader.
- Det kan i spesielle tilfeller gjevast fritak for ein lengre periode enn 12 månader, opptil 36 måneder. Dette er spesielt aktuelt ved fritak etter punkt b og c.
- Søkjar må, før fritaksperioden går ut, gi skriftleg melding til kommunen dersom situasjonen er uendret.
- Blir ikkje slik melding gitt, løper gebyr frå neste faktureringsperiode.
Hytter, stølar og fritidsbustader
Generelt gjeld at det skal betalast gebyr for hytter, stølar og fritidsbustader som definert i § 2 i forskrifta. Når bygningen på eiegedomen har rom for kvile (seng) og amogelegheit for matstell (kjøkkenbenk) vert han rekna som bustad/bueining. Det kan søkast om fritak dersom bustaden ikkje er beboelig. Evt. fritak skal vere knytta til eigedomen, og kan ikkje gjevast av sosiale grunner knytta til eigar eller brukar.
Kommunen kan gi fritak :
Ubebueleg
a) Når hytte, støl eller anna fritidsbustad kan dokumenterast å vere ubebueleg. Dette kan bl.a. innebere at den bygningstekniske tilstanden er svært dårleg eller at vesentlege installasjonar som varmekjelde/eldsted er kopla frå. Ved behandling av søknad kan kommunen kreve fotodokumentasjon.
Bruksareal
b) Når bruksarealet er mindre enn 15 m2.
Generelt om fritak
- Som hovudregel gjeld fritak for renovasjonsgebyr frå tidspunktet for vedtaket og med maksimal tidsavgrensing på 12 månader.
- Det kan i særskilte tilfelle bli gjeve fritak for ein lengre periode enn 12 månader, opptil 36 månader.
- Søkjar må, før fritaksperioden går ut, gi skriftleg melding til kommunen dersom situasjonen er uendra.
- Blir ikkje slik melding gjeve, løper gebyr frå neste faktureringsperiode.
- Det er ikkje mogelegheit for differensiering eller reduksjon av renovasjonsgebyr på grunn av kor mye bustaden/fritidsbustaden blir brukt.
Skjema for søknad om gebyrfritak kan du laste ned her .