Krisesenter
Hallingdal Krisesenter er eit døgnope tilbod til kvinner, menn og barn, som lever med vald i nære relasjonar.
Hallingdal Krisesenter gir eit beskytta butilbod i ei akutt krise, og i tillegg tilbyr dei dagsamtaler, både til bebuerar og andre som treng hjelp i ein vanskeleg situasjon.
Hallingdal Krisesenter gir råd og rettleiing, og formidlar kontakt med andre delar av hjelpeapparatet når det trengs.
Hallingdal Krisesenter arbeider etter prinsippet ”hjelp til sjølvhjelp”, der målet er at kvinnene som kjem dit skal ta tilbake råderetten over eige liv.
Hallingdal Krisesenter har eit klart barnefokus, og jobbar målretta for å forebygge og minske dei skader vald i nære relasjonar påfører barna.
Gå vidare til Hallingdal Krisesenter si nettside her.