Adopsjon

Meir informasjon om

  • søknadsprosess
  • skjema og reglar om alle typar adopsjon
  • utanlandsadopsjon
  • stebarnsadopsjon
  • fosterbarnadopsjon

finn du på bufetat.no sine sider

Lova, sakshandsaming og aktuelle adopsjonsforeninger.

Det er departementet ved Statens ungdoms og adopsjonskontor som har ansvar for å innvilge løyve til å kunne adoptere eit barn.
Kommunen har ansvar for iå hente inn sosialrapport i samband med sakshandsaming (jf. adopsjonslova § 16 e).

Det er i prinsippet mogeleg å adoptere barn fra Noreg og frå andre land. Dersom ein ønskjer å adoptere eit barn, viser praksis at det er svært vanskeleg å få adoptere eit barn frå Noreg.

Formidling av barn frå andre land kan berre skje gjennom godkjente organisasjonar (jfr. Adopsjonsloven § 16 d.).

Godkjente organisasjonar som formidlar adopsjonsbarn er

  • Adopsjonsforum
  • Innor Adopt
  • Verdens barn

Det er kostbart å adoptere  barn - sidan adopsjonsforeiningane tek betalt for tenestene sine. Disse kostnadane skal dekke utgifter i samband med adopsjonen. Organisasjonane har ikkje høve til å "tene pengar på" på adopsjonssaker.

Om sosialrapporten.

Utarbeiding av sosialrapport er eit viktig dokument i samband med adopsjonssøknaden. For å starte prosessen, må ein bestille time hjå sakshandsamar for 1. gangs samtale. Her får ein informasjon om den videre saksgangen, oversikt over nødvendig dokumentasjon som må følgje søknaden, ein kan få rettleiing til utfylling av sosialrapport, og informasjon om 1. heimebesøk.

Ut frå kapasitetsomsyn må ein rekne med ca. 3 mnd ventetid frå første samtale og til første heimebesøk.
Helie adopsjonsprosessen omfattar 2 - 3 hjeimebesøk, evt. 1 - 2 samtalar på kontoret. Totalt må en rekne med ca. 6 mnd. sakshandsamingstid.
All nødvendig dokumentasjoner må vere klare før 1. heimebesøk, i sammenheng med innhenting av informasjon til sosialrapporten.

Det er ikommunal oppgave å tilrå søknader om adopsjon. Det er Statens Ungdoms- og Adopsjonskontor som fattar endelig vedtak om innvilging (evt. avslag) på adopsjonssøknaden.

Dei ulike adopsjonsforeningene - adresser mv.

Organisasjon

Tlf

Internettadresse

Adopsjonsforum 2328 0800 www.adopsjonsforum.no
Innor Adopt 3802 4620 www.inoradopt.no
Verdens barn 2293 3000 www.verdensbarn.no
Statens ungdoms- og adopsjonskontor 2224 9090 www.suak.no

 

Krav til dokumentasjon

Informasjon om dokumentasjon får ein i fyrstegongssamtalen med sakshandsamar. Følgjande dokument skal ligge ved søknaden:

- Søknad om adopsjon (eige skjema)
- Uttømmande politiattest (maks 6 mnd gammel)
- Legeattest (eige skjema)(maks 6 mnd gammel)
- Eigenerklæring (eige skjema)
- Dåps-eller fødselsattest
- Vigselsattest
- Likningsattest

Lovheimel

Lov om adopsjon se lovteksten her; http://www.lovdata.no./all/nl-19860228-008.html

Publisert: 16.12.2007
Sist endra: 16.12.2007
Oppretta av:
Kontaktinformasjon

Hemsedal kommune
3560 Hemsedal

Tlf: 3140 8800
E-post: postmottak

For meir informasjon

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo