Felles lyft - for tidleg innsats - Hallingdal
Prosjektet ”Felles Lyft - for tidleg innsats” er eit kompetansehevingsprosjekt knytta til språkutvikling og sosial læring. Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Øverby kompetansesenter og Hallingdalsregionen.
Målgruppa er:
Tilsette i barnehage, PPT, helsestasjon og barnehagekontora i kommuneadministrasjon.
Hovudmålet med prosjektet er:
- Praksisendring når det gjeld å stimulere språkutviklinga til barna i barnehagen.
- Tilsette i barnehage, skule og på helsestasjonane i regionane skal ha kompetanse og rutiner for å fange opp barn med svak språkutvikling/sosial utvikling, og setje inn tiltak tidleg.
- Etablere gode rutiner for samarbeid mellom barnehage, skule, PPT, barnevern og helsestasjon.
Arbeid med språk, kommunikasjon og åtferd har vore sentrale satsingsområde både i barnehage og skule i Hallingdal dei siste 4 åra. Ut frå dette vil prosjektet ”Felles Lyft - for tidleg innsats” samhandle godt med å vere med på å vidareutvikle tiltak som alt er i gang. Slik satsing er også i samsvar med prioriteringar og pålegg frå nasjonale styringsmakter.
Framdriftsplan:
Prosjektet er delt i steg 1 og steg 2. Steg 1, som gjeld barnehagane med samarbeidspartnerar, vil foregå fram til august 2012. Då kan det vera aktuelt å starte med steg 2, som gjeld skulane.
Prosjektleiing:
Anne Aglen Brendmoe er prosjektleiar og kontaktperson for Øverby kompetansesenter. Vigdis Melvold, leiar av Ål og Hol PPT er prosjektleiar og kontaktperson i den lokale prosjektgruppa i Hallingdal. Kommunane i Hallingdal er eigarar av det lokale prosjektet. Øverby kompetansesenter sine nettside: www.statped.no/overby