Vatn- og avløpsgebyr 2012
Etter endringar i forureiningsforskrifta kan kommunen frå 01.01.08 ikkje lenger krevje minimumsgebyr. På bakgrunn av dette har kommunen utarbeida ny lokal forskrift om vatn- og avløpsgebyrer.
Lokal forskrift om vatn- og avløpsgebyr finn du her.
Den nye forskrifta inneber at det blir innført eit to-delt gebyr,
- eit fastledd
- eit mengdeavhengig ledd etter målt eller stipulert forbruk (areal).
Tidlegare har kommunen praktisert eit minimumsgebyr (minstegebyr) på 100.m3 pr. abonnent. Endringa vil føre til at faktura ser noko annleis ut enn tidlegare.
Dei ulike gebyrsatsane er fastsett i kommunen sitt gebyrregulativ som du finn du her.