Kommunale eigedomsavgifter

Kort informasjon om fakturagrunnlaget for kommunale eigedomsavgifter.

Slam.

  • Hemsedal kommune innførte tvungen tømming av slamtankar i 2006.
  • Miljøservice AS er entreprenøren som har utført tøminga.
  • Fakturering av slamtøming skjer ved årleg avgift kvar hausttermin.
  • Alle tette tankar skal tømast kvart år (bustad- og fritidshus).
  • Fritidshus med slamavskiljar; kvart 4.år.
  • Bustadhus med slamavskiljar; kvart 2. år.
  • Treng ein tøming oftare, må dette avtalast direkte med Miljøsevice AS på miljoservice@septik24.no

 

  

Vatn og avløp.

  • Hemsedal kommune har innført eit to-delt gebyr, eit fastledd og eit mengdeavhengig ledd etter målt forbruk. Tidlegare har kommunen praktisert eit minimunsgebyr (minstegebyr) på 100 m3 pr. abonnent.
  • Gebyrsatsar er vedtatt av Hemsedal kommunestyre i behandlinga av årsbudsjett 2008 med økonomiplan for 2008-2011 den 13.desember 2007.
  • Forskrift for vass- og avløpsgebyr i Hemsedal kommune
  • Lov om vass- og kloakkgebyr
  • Ein abonnent har til ei kvar tid høve til å installere vassmålar om ein ynskjer fakturering etter reelt vassforbruk.
  • Ta kontakt med autorisert røyrleggjar for installasjon.

 

Renovasjon.

  • For fritidsbustader gjeld fakturering av renovasjon 2.termin for heile året.
  • Alle sjølvstendige brukseiningar skal ha eigen renovasjonsordning, og vert fakturert for dette.
  • Alle hytter/stølsbuer, tomannsbustader, bustader med leiligheit og einingar med enkel standard m.m., ha eiga avgift for renovasjon.
    Jamfør forskrift om avfallshandtering

 

Feiing/ Tilsyn fyringsanlegg.

  • Gebyr for feiing/ tilsyn av fyringsanlegg kjem med på faktura for 2.halvår.
  • Alle bustader med eldstad skal ha årleg tilsynsavgift.
  • Avgifta er 1/4 av tilsynsgebyret.
  • Spørsmål knytt til feiing/tilsyn skal rettast til Hallingdal brann- og redningsteneste IKS på post@hallingdal-brannvesen.no

 

  

Korleis ta kontakt. Søknad om fritak

Generelle spørsmål rundt grunnlag for fakturering av; slam, vatn/avløp, renovasjon

  

Adresse-endringar.

  • Skal samsvare med dei opplysningane som står i Folkeregisteret.
  • Me tillet ikkje andre adressatar enn eigar (heimelshavar) av eigdomen, då denne er ansvarleg for betaling av komm. eigedomsavgifter.
  • Unntak; dødsbo ved forelagt uskifteattest og i dei tilfelle det er offentleg oppnevnt verge.

Eigarskifte

  • Eigarskifte vert sendt til kommunen fleire gonger i året frå Statens Kartverk, og vert oppdatert jamnleg i våre registre. Det er derfor ikkje naudsynt å melde frå om dette.
  • Me vil gjera merksam på at skal desse oppføringane endrast, så skal det tinglysast.
Publisert
30.11.2007
Sist endra
06.09.2011
Publisert av
John-Ole Sørsveen

Kontaktinformasjon

Teknisk drift
Line Dahl

Tlf: 3140 8840
E-post: teknisk drift