Tannhelsetenesta (tannlege)
Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. Tenesta skal fremje tannhelsa i befolkninga, og i syte for nødvendig førebygging og behandling.
Tannhelsetenesta skal spreie opplysning om og auke interessa for kva den einskilde sjølv og allmennheita kan gjere for å fremje god tannhelse.
Tannhelsetenesta si virksemd er heimla i Lov om tannhelsetjenesten av 3.juni 1983.
Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og
oppsøkjande tilbod til:
*Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år.
*Psykisk utviklingshemma i og utafor institusjon.
*Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie.
*Ungdom frå 18 år til og med det året dei fyller 20.
Hemsedal Tannklinikk tlf. 3206 0137 (tannlege)