Innholdsfortegnelse
Beskrivelse
Kommunehelsetenesta har plikt til å tilby vaksinasjon mot smittsame sjukdomar. I tenesta inngår:
- Barnevaksinasjon til alle born i før- og grunnskulealder.
- Reisevaksinasjon og rådgiving før utanlandsreiser.
- Årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette.
Målgruppe
Innbyggjarane i kommunen. Nokre vaksinar blir i første rekkje gitt til personar som er særleg utsette.
Vilkår
Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset retningslinjene for kva for personar/grupper som skal få tilbod om dei ulike vaksinane:
- Barnevaksinasjon får ein på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Den startar vanlegvis når barnet er 3 månader gamalt og følgjer det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet.
- Tilbodet om reisevaksinasjon og råd om vaksinar før utanlandsreiser blir gitt av helsetenesta i kommunen. Type vaksine blir bestemt ut frå reisemål, smittesituasjon, kor lenge reisa varer, type reise, helsetilstand og tidlegare vaksinasjonsstatus.
Veiledning
For grunnvaksinering av born skal du kontakte helsestasjonen.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Fylkesmannen.
Annen informasjon
Pris:
Du må betale ein eigendel for somme vaksinar. Grunnvaksinen for born er gratis.
Dato oppdatert
07.08.2012 14:31:11
Søkeord
smittevern, difteri, kikhoste, polio, meslingar, kusma, raude hundar, livmorhalskreft, hepatitt B, BCG,DTP, Hib, PKV, DT, MMR, HPV, reisevaksine, kolera, marlaria, rabies, tyfus, gulfeber