Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Omtale

Spelemidlar til idrettsformål skal medverke til at ein større del av samfunnet får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Kommunen gir rettleiing og behandlar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. Det kan søkjast om tilskot til

  • nybygg av idretts- og friluftsanlegg 
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg 
  • nærmiljøanlegg

Målgruppe

Søkjarar av tilskot frå overskotet av spelemidlane til idrettsanlegg, kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, burettslag eller andre organisasjonar.

Søkjarar av tilskot frå spelemidlar til nærmiljøanlegg kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, velforeiningar, burettslag, partslag eller andre organisasjonar.

bilde av fem ungar som alle held på samma ball

 

 

 

 

 

 

 


 

Vilkår

Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er ein føresetnad at organisasjonane gir sine innspel i planprosessen i samband med kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Alle søknader skal fremjast på søknadsskjema frå Kultur- og kyrkjedepartementet, og skal sendast elektronisk via kommunen til fylkeskommunen for behandling. Kommunen kan hjelpe deg med søknaden.

Oversyn over vedlegg som skal sendast inn saman med søknaden, får ein ved å kontakte kommunen.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • Klagen sender du til den instansen i fylkeskommunen som har fatta vedtaket.
  • I klagen skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for det.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet er klageinstans for vedtak fatta av fylkeskommunen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til departementet.

Kontaktinformasjon

Hemsedal kommune
3560 Hemsedal

Kulturkonsulent
Marit Huso
tlf: 3140 8874

Annen informasjon

Søkeord

midel, idrett, ski, fotball, bane, løype, hall, gymnastikk, turn, friluft, anlegg, fysisk, aktivitet, trening, tur
Publisert
09.07.2008
Sist endra
19.03.2012