Forskotsskatt

Omtale

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonforetak) eller er deltakar i ansvarleg selskap, skal du betale forskotsskatt. Det vil seie at du betaler skatten så snart inntekta oppstår. Du får tilsendt innbetalingsblankettar fire gonger i året. Det du betaler i forskotsskatt, er utrekna på bakgrunn av overskotet året før. For at nye enkeltpersonforetak og ansvarlege selskap skal få tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskot (eller underskot) dei ventar seg det første året.

Forskotsskatten skal innbetalast til skatteoppkrevjaren sin bankkonto. Innbetaling via bank kan skje elektronisk eller ved bruk av dei tilsende innbetalingsblankettane. Ved elektronisk betaling skal KID-nummeret oppgivast saman med betalingsoppdraget. KID-nummer kan ein også få ved å kontakte  skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no. Du kan også betale kontant ved å møte opp på skatteoppkrevjarkontoret.

Dersom du ikkje betaler, blir det rekna tilleggsrenter (”forsinkelsesrenter”) frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt friviljug, kan skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinndriving, og kostnader vil då kome i tillegg i samsvar med rettsgebyrlova. Dersom du ikkje er samd i utrekningane, må du sende søknad om endring av utskriven forskotsskatt til skattekontoret.

For endring av forskotsskatten kan ein ta kontakt med skattekontoret.

bilde av norske myntar

 

 

Målgruppe

Personar som driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonforetak) eller er deltakar i ansvarleg selskap.

Vilkår

 

 

 

Samarbeidspartnarar

Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemner/ kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing.

Nærståande tenester

Lover

Skattebetalingslova kap. III og VI

Skattebetalingsloven

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Dersom du ikkje er enig i utskrivinga av forskotsskatten, må du sende søknad om endring av utskriven forskotsskatt til skattekontoret.

Kontaktinformasjon

Skatteoppkrevjaren i Hemsedal
Gamlevegen 4
3550 GOL

Tlf.:    3202 9050
Faks: 3202 9043

E-post til skatteoppkrevjaren

Annen informasjon

Andre dokument:
Meir informasjon finst på skatteetaten si heimeside Skatteetaten.no eller ein kan ringje gratisnummer 800 80 000.

Søkeord

Publisert
06.02.2009
Sist endra
19.03.2012