Barnehage - godkjenning
Omtale
Før ein barnehage blir sett i drift, skal han godkjennast av kommunen. Barnehageeigaren pliktar å drive verksemda i samsvar med gjeldande regelverk, både med omsyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.
Blant krava er:
- vedtektene til barnehagen skal mellom anna gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstider
- kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval for å sikre samarbeidet med heimen
- barnehagen skal føre internkontroll
Vilkår
- Barnehagen skal drivast på regelmessig basis. Minst eitt av barna skal ha eit opphald på meir enn 20 timar per veke.
- Når barna er under 3 år, er det tillatt å ha 5 barn eller fleire til stades samstundes.
- Når barna er 3 år eller eldre, er det tillatt å ha 10 barn eller fleire til stades samstundes.
- Barnehagen vil motta godtgjerdsle for drifta. Den blir finansiert ved foreldrebetaling, statlege driftstilskot og eventuelt kommunalt tilskot. (Informasjon om kva du får i kommunalt tilskot, får du ved å kontakte kommunen. Satsane for foreldrebetaling og driftstilskot blir fastsette ved budsjettbehandlinga i Stortinget kvart år.)
Rettleiing
Kommunen vil gi deg rettleiing om kva for godkjenningar/utsegner du som barnehageeigar må innhente før barnehageetaten kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor tidleg kontakte kommunen for å få informasjon om kva for krav som blir stilte.
Brosjyre:
www.etablerebarnehage.no
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart mottatt.
- Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
- I klagen skal du oppgi og grunngi kva du ønskjer endra i vedtaket. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
- Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
Søkeord
Barn, barnehage, etablering av barnehage, barnehageplass, dagmamma, familiebarnehage